s

s

søndag 10. februar 2013

Nytt gamalt møbel !!

Dei første bloggane eg las, handla for det meste om interiør. Etter kvart fekk eg lyst å blogga sjølv. I starten laga eg litt interiør-innlegg. Men no er det sjeldan. 
I dag vil eg visa fram mitt nye møbel som er gammalt. Det er svigerfar som har laga det. Han var ein flink møbel-snekker.


Møbelet er nybeisa i ein litt mørkare brunfarge enn det var. Eg er så fornøyd. har venta fleire år på å få dette på plass !!Så eg koser meg.  No sitte eg i sofaen og dette er utsikten min :


Eg ramser opp :
Nytt eikebord til jul. 
Ny ovn og stein på muren i haust.
Rød farge på veggen og kvitmalte dører, nytt i haust.
Og nedanfor det nye teppet i ull, godt og varmt. Julepresang til meg.


Som de sikkert forstår er eg ingen tilhenger av heilt kvitt interiør. Nei, eg liker litt farger og eg liker å gjera litt forandringer. Den rød veggen har hatt ein del farger dei 20 åra me har budd her, for å sei det sånn. Er det ein ting eg har lært av å lesa interiørblogger og blad  så er det at det blir ofte best om ein held på sin eigen stil. Det er jo eg som skal bu her  og trivast her !!





Til slutt litt detaljer frå det nye møbelet. Tulipanbuketten fekk eg i dag, er jo morsdag !!
Interiør i dag altså, men er nok snart tilbake med hage-innlegg.  For om eg synest det er kjekt med interiør så er nok hage favoritten, heilt klart.