s

s

søndag 30. desember 2012

Nytt år, nye muligheter.

2012 går mot slutten. 
Jula er over, feiring av nytt år står på planen.
Sola har no snudd og me går lysare tider i møte.
Hagen er for meg ei stor glede, ei kjelde til rekreasjon og aktivitet. 
2012 har vore eit år der helsa mi ikkje har vore den beste og avgjersle om å tre ut av arbeidslivet og søkja uførestønad er no tatt. 
2012 vart eit år der eg til tross for mine helseplager, fekk gjort litt i hagen. Det er kjekt å ha ein blogg der eg kan sjå tilbake på det eg har gjort og som viser igjen.  

Grønnsakhagen : Har lenge ynskja meg ein grønnsakhage laga av pallekarmer. I 2012 vart det ein realitet. I april såg det slik ut :


Litt grønnsaker blei det i år men neste år byr på nye muligheter.

Bedet i skråningen ved inngangen er det eldste bedet i hagen. Nokre av buskane her var etter 15 år blitt nokså store. Her vart noko stamma opp, og nye planter kom til. Ganske stor omlegging , mykje flytting og deling av planter.

Bilete er frå arbeidet med kanten. Gler meg til å sjå korleis heile dette bedet blir neste år og ser at eg godt kan ta fleire bilete. 


Jordbæråkeren trong ei fornying. Her gjekk Stine i gang. Fjerna planter, ugras og store steiner :
Slik ser det ut enno. Så skal det bli jordbær må det innsats til !!

Ellers står det å halda ugraset i sjakk høgt på lista for neste år. Barkduk og bark skal leggjast ned fleire plasser. For meg er det nemleg slik at når ugraset tek overhand så drukner hagegleda. Og når overskotet ikkje er der gror ugraset.... Håper å få kontroll på dette i 2013.  Midt oppi ugraset har eg likevel evne til å gleda meg over fine blomer. Her er nokre av dei :

Januar :

Mars



April







Juli



August :





September :


Ahhhh, kjenner kor det kribler i heile meg . Er nok ikkje lenge før eg er i gang ute !!  Gleder meg også til å lesa bloggane til doke andre hagebloggere ute i bloggverden, og håper å få kontakt med fleire !! 

Godt nytt hage år !!