s

s

mandag 25. november 2013

Gras i november.


Graset i hagen står enno nokså fint. Forskjellige farger og så i samplanting med ein rødleg  heuchera, er det enno fint å sjå til.





Joda, det er enno fint å finna i hagen .

tirsdag 19. november 2013

Om knopper og livskraft.

Sitte inne i stova mi.. Det er fyr i ovnen , godt og varmt . Ute er det kaldt i dag. Litt kvitt i lufta. Mogleg det er litt snø på veg, men har ingen forventninger om at den blir liggande. Utanfor stovevindauga mitt er det full aktivitet. Småfuglane er flittige i matfatet. Det minker på både solsikkefrø, jordnøtter og meiseboller. Etter ei dårleg natt er det godt at det ikkje er så mange må-ting på planen i dag. Å leva med helseplager som set sine grenser for aktivitet er ikkje kjekt, men det er godt å kjenna at det også er noko ein lærer seg å akseptera utan at humøret også blir borte. 




Søndag var ein god dag.Då var eg ute å rusla i hagen. Fotoapparatet og eg.
Min Agapantus er tydlegvis ikkje klar for vinter. Mykje livskraft der. Kva gjer eg no om eg ynskjer ta vare på den? Vekk frå kuldegrader har eg forstått, men mørkt eller lyst og kor kaldt kan den tåla ? Vatning ?


Den ser så fin og grøn ut at det er litt leitt å la kulda ta den !!
Andre planter står også med knopper men det er fordi dei er i rute.




Julerosene er klare dei. No laver snøen ned ute og legg seg som eit kaldt teppe over det meste. Skal tru kor lenge den får liggja? Eg trur fuglane vil lika at eg tek meg ein tur ut og fyller på mat til dei så får i alle fall dei hjelp til å halda varmen.



søndag 17. november 2013

Mose med meir.

Sommeren er over . Hausten er her.
  Snart er vinteren på vei.
 Her har vore stille lenge. Kanskje eg er tilbake.
 Veit ikkje enno.
 Men i dag har eg i alle fall lyst å visa litt bilder.


Som sist innlegg er eg i inngangspartiet. 
Eg har sanka mose og litt anna og pynta der.



Det er kjekk aktivitet sjølv om det er kaldt på fingrane.
Dørkrans kjem i desember.

Er spent på om eg får besøk på bloggen min no.
 Om du les dette er DU her og det set eg stor pris på.
 Ha det godt.