s

s

lørdag 26. januar 2013

Grønt i alle varianter.


 Av og til, om sommeren, tenker eg at alt det vintergrønne eg har i hagen tar opp plass for fine blomer. Men om vinteren kjem det grønne til sin rett . Den høge grønne er tuja -smaragd. Ved sida av, den blågrønne, er ein einer . Den låge til venstre er peppermyntebusk som blømer i kvitt. Den blågrønne ved sida av er ein type einer. Den koparbrune heiter  Biota trur eg. Den er grønn på sommeren men får denne vakre koparfargen når det blir kaldt nok. Flott å plasera saman med anna vintergrønt .


Artig var det å oppdaga at graset mitt også er friskt og grønt, eller svart som på det første bildet. Dette svarte graset har eg hatt før. Då tørka det  ut kvar vinter, mykje pga. fugl som rota rundt i jorda slik at røtene kom opp. No ser det ut til at det går bra. Mange av gras-plantene mine klarer seg fint, så eg gler meg til å sjå korleis dei utvikler seg neste sommer.

Rusler rundt i hagen no og tenkjer på kva eg skal gjera når berre mildværet får ta tak.
Og eg gler meg !!

mandag 21. januar 2013

På glattisen blant vindmøller

 Det er fantastisk å få høve til å setja seg i ein bil og få koma opp i fjellet. Formen min tilseier ikkje lange utflukter på eigne bein.. Med mann som arbeider i vindmølleparken får eg bli med av og til. Og det nyter eg !!

I dag var Stine og Happy-hunden med. Og skeiser. Og kvikk-lunsj. Og så kom mannen og tok nokre runder på skeisene han og.


Jerven-duken , som min kjære mann fekk til jul av meg,
 fekk eg testa.
 Godt å krypa inn i den når vinden etter kvart tok godt.
 Enno betre og varmare vart det når eg fekk selskap i posen, 
er plass til to !!


Solnedgangen var nydleg.


Me nyter vinterværet så godt me kan !

onsdag 16. januar 2013

Kalde juleroser.

Hageåret 2012 har starta , kaldt !
Etter nokre dager med mildvær rett etter nyår, er det no kaldt. Medan det enno var mildt stod julerosene så fint, og trollhasselen viste fram litt gult på ein blom som for å fortella at den vil blomstra i år og. No henger julerosene igjen, liker ikkje desse kuldegradene så godt.





Kjekt å ha desse å fylgja med på. Må nok snart ned i gamlehagen og sjå etter dei fyrste snøklokkene og.