s

s

søndag 30. mars 2014

Sol ute, sol inne

Sol i hjertet, sol i sinnet !!
Ja, akkurat sånn er det eg har det no.
Nydleg sol i fleire dager etter kvarandre er heilt fantastisk.
Eg har tilbrakt ein del timer i hagen. Nokre i arbeid, andre med kvila. Ein god stol som eg nesten kan ligga i er eit "must", akkurat som gode redskaper til resten av jobben !!
Prosjekt enklare stell av bed er fokus.



 Det er fleire måter å gjera det på. I vrihassel-bedet har eg lagt ned fiberduk og eit godt lag med bark. Eg har fjerna ein del stauder. Nederst er det to rose-busker og ein lavendel som er nye her. Spennande om dei vil trivast. Ellers laga eg hol i fiber-duken til løkplantene som stod her og også helleborusen som veks til venstre for vri-hasselen.



 I "hulrom" i berget har eg fylt opp mold og planta stauder som eg har gravd opp andre stader i hagen. Også noko eg har planlagt lenge så det er fantastisk godt å få det gjort.Her er det lett å ta eventuelt ugras. Ei krukke med buksbom har også fått sin plass her. Fint med ein vintergrønt innslag mot det grå berget.

Denne gode gamle stauda som eg ikkje hugser namnet på, har fått plass her. Det har og oktober-bergknapp, kinasøte, aurikler , veronika og "humleblom".


På andre sida av vrihasselen veks blant anna to typer iris. Her er også plass til ei staude til.
 Også i dette bedet, som no er blitt rododendron-bedet, har eg lagt fiberduk og bark. Eg har flytta desse rododendronane no, akkurat før bløming, men slik måtte det bli for at eg skulle få dette gjort. Krysser fingre og håper det går bra. Her er også ein japan-kristorn og ein stor lavendel som stod der frå før. Saman med desse har eg planta nokre hosta-planter og gras for å fylla ut innimellom.
Også her fekk eg fyllt opp i "hulrom" i berget og satt ned stauder, blant anna humleblom, hosta og ei ukjent staude. Litt spenning må ein jo ha !! Om de ser godt etter ser de at eg ikkje er ferdig å barka her. Rundt omkring ligg det mykje rot som redskap, mold, bark, og grønne kasser der eg samler stauder som eg har gravd opp. Her trengst meir arbeid for å bli ferdig og eg bruker ikkje krefter unødig på rydding nå eg planlegg å gå i gang igjen i morgon. No er eg sliten og ligg til lading i sofaen.
Dette var noko av det eg har gjort denne veka.  Så får eg snakka om myske-bedet og den nye bøk-hekken min ein annan dag....
Ha ei fin veka !

lørdag 22. mars 2014

Mange bekker små....

"Mange bekker små, blir en stor å"
Tenker på det ordtaket innimellom. Har klart å vera ute i hagen tre ganger denne veka, små økter , mange pauser. Men det er verdt det, det blir gjort noko på den måten og !! 

I går, i kveldinga, viste jammen sola seg litt og. Fantastisk. Ja, for det har vore ei våt veka, til tider veldig våt. Også no drypper det stort og vått ute.
Inne er eg, og er ganske fornøyd med det eg har fått gjort i hagen denne veka. Bæring av stein, mold. Fjerne ugras og gamle planter. Begynna på nytt. Planta nye planter, planta noko eg hadde frå før. Tar nok nokon år før det blir så tett som eg vil ha det .

Har tenkt å plassera ein kvit vårlyng - Erica mellom hemlokken og kristornen. Den skal også få bre seg utover. I bak-kant opp mot stolpa-muren sette eg ned nokre iris som eg skulle flytta på eller ta vekk uansett. Dei kan få stå der og dekka til litt no i byrjinga. Iris er ein sånn blom som eg ikkje veit heilt om eg skal lika eller ikkje....



På høgre sida sette eg ned mange kuleprimula. Ei stor tua som eg delte opp i mange små. Dei skal få lov å bli bunndekke med sine fine lysegrønne blad. Flotte blomer har dei jo også. Sette også ned noko i framkant, i ei blanding av torv og mold. Eit par små planter til er på plass,- får sjå om det blir noko av dei. I den gamle "torv-muren" har eg klipt  ned mosen og lyngen. Håper det gjer at mosen kjem fint tilbake. Ellers har det også spirt lyng der, så kanskje den dukker opp igjen.



Det som står igjen no er planting av den Ericaen som eg nemde. I tillegg kjem eg til å dekka litt med duk, bark og stein. 
Det skal visst vera betre værmeldinger for neste veka. Om sola kjem , og det blir litt varmare så blir det fantastisk flott hagevær.
God helg til gode hagevenner !!


lørdag 15. mars 2014

Grønne vegger i hagen heile året.

Bittelitt betre form i dag og det er godt. Håp om betre dager. Tok foto-apparatet med ut og sulla litt rundt i hagen. Regn og surt men ikkje så mykje vind i dag. Mange gjester i fuglematen.
Her er årets første plantehandel :

Fra venstre : Tsuga canadensis "Nana" - Kanadahemlokk (50-70 cm høg), Andromeda Andromeda polifolia "Compacta" -Hvitlyng , og Ilex meserveae  "LittleRascal" - Kristorn (80 cm høg )

Dei skal gjerne plasserast her :


Planen ein gang var at dei plantene som er planta ovanfor skulle dekka stolpane som me har laga "mur" av. På høgre sida har det gått bra. Trådsypress og peppermyntebusk dekker bra der.  På venstre sida "hang" trådsypressen seg så langt ut at eg har valgt å klippa den godt. To stk Mahonia vaks der før, dei takka for seg i fjor vinter. Erika var ein gang ei søt lita plante. Er no veldig stor og ikkje heilt fin overalt lenger :

 
Lurer på om eg skal klippa den heilt ned ? Kjem den opp igjen ? Skal eg ha Erica der i det heile tatt ?
Under molda som ligg her er det eit glatt skrått berg. Eg murte med torv den gang eg byrja planta her. Det har sklidd litt ut men har fungert nokolunde bra. Må nok til med litt muring no og, men har ikkje valgt materialer enno. Torv eller liten steinmur på torv ?? Har fått det til å fungera før og liker i grunnen den kombinasjonen. 

Målet er at det skal bli grønt og tett på denne hylla med tida. Ein grønn vegg !!
Siste bilde viser at det er ganske grønt rundt i hagen også vinterstid. På dette bildet ser de trådsypressen på oppsida. Synest også nakne greiner er fine kontraster til det grønne i vinterhalvåret.


Fortsatt god helg !!

fredag 14. mars 2014

Prydbuskdrøyming.


Det blir visst med nett-haging frå sofaen herfrå denne veka. Formen er dårlig og dei vanlege daglige aktivitetane er i grunnen meir enn nok.
Tenker mykje på kva eg skal gjera , og korleis. I hagen altså. Det er utfordringer ift kor store jord-lommene er i hagen og då altså kva ein kan venta skal trivast. Her er nokre av dei buskane eg har studert. Alle henta frå Draglands planteskole.

Rognspirea "Lise"                    Gullklokkebusk "Amur"

         

Rødbladet blærespirea "Diabolo"




Sakalinbeinved                                 Snøballbusk "Frøken Norden"




 Har fått jordsekker og kugjødselkompost på plass ute denne veka. Har også vore innom hagesenter og kjøpt tre busker. Så det er klart. Venter på formen og gjerne litt betre vær også !! God helg !!

torsdag 6. mars 2014

Hallo, her er eg. Igjen.






Ikkje alltid like lett og inspirerande å laga blogginnlegg.
Ikkje alltid overskot og lyst å finna heller.
Men , eg er her, og akkurat i dag har eg lyst og overskot til å laga eit innlegg.
Håper du som har fulgt meg før henger med, og nye lesarar er sjølvsagt også veldig velkomen.


Hos meg har fokuset vore på oppussing av loft-stova og bursdags-feiringer. Og eg har gleda meg til å få tid i hagen. No har eg tid, men overskotet forsvann i bursdagsfeiringer, og så kom jammen regnet !!
Så no driv eg med nett-haging. Eg kviler og venter på at kroppen vil vera med på det hodet vil sånn etterkvart. Er eg heldig så har kanskje regnet regna frå seg til eg er klar?



Eg har store planer for hagen denne sesongen. Etter sist hage-år konkluderte eg med at her er for mykje hage å stella for meg. Det blir for mykje ugras til at eg klarer å halda hage-gleda oppe. Så stikkord for sesongen er forenkling . Det vil sei at det blir mindre stauder og meir jord-dekke (duk og bark).



Og på nett leiter eg etter busker som har nydleg flott og langvarig blomstring, fine blad,fin farge og form, fine høstfarger og helst fine greiner på vinteren og? Joda, eg veit at det er vanskeleg å finna i ein busk, men eg skal jo ha fleire! Eg ynskjer meg busker som ein ikkje finn overalt, gjerne litt spesielle og mindre vanlege.



No ynskjer eg meg tips om busker som du er fornøyd med i din hage og som du gjerne anbefaler. Gjerne som innlegg på eigen blogg, men hugs å tipsa meg då !! 


Bileta i dagens innlegg er frå mars i fjor. Alle blomane er ute i hagen i år også med unntak av denne siste julerosa. Etter tre år med flott,spennande bløming , forsvann denne stauda sommaren i fjor. Dessverre.

No skal eg ut og driva nett-haging på hageblogger !!