s

s

lørdag 15. mars 2014

Grønne vegger i hagen heile året.

Bittelitt betre form i dag og det er godt. Håp om betre dager. Tok foto-apparatet med ut og sulla litt rundt i hagen. Regn og surt men ikkje så mykje vind i dag. Mange gjester i fuglematen.
Her er årets første plantehandel :

Fra venstre : Tsuga canadensis "Nana" - Kanadahemlokk (50-70 cm høg), Andromeda Andromeda polifolia "Compacta" -Hvitlyng , og Ilex meserveae  "LittleRascal" - Kristorn (80 cm høg )

Dei skal gjerne plasserast her :


Planen ein gang var at dei plantene som er planta ovanfor skulle dekka stolpane som me har laga "mur" av. På høgre sida har det gått bra. Trådsypress og peppermyntebusk dekker bra der.  På venstre sida "hang" trådsypressen seg så langt ut at eg har valgt å klippa den godt. To stk Mahonia vaks der før, dei takka for seg i fjor vinter. Erika var ein gang ei søt lita plante. Er no veldig stor og ikkje heilt fin overalt lenger :

 
Lurer på om eg skal klippa den heilt ned ? Kjem den opp igjen ? Skal eg ha Erica der i det heile tatt ?
Under molda som ligg her er det eit glatt skrått berg. Eg murte med torv den gang eg byrja planta her. Det har sklidd litt ut men har fungert nokolunde bra. Må nok til med litt muring no og, men har ikkje valgt materialer enno. Torv eller liten steinmur på torv ?? Har fått det til å fungera før og liker i grunnen den kombinasjonen. 

Målet er at det skal bli grønt og tett på denne hylla med tida. Ein grønn vegg !!
Siste bilde viser at det er ganske grønt rundt i hagen også vinterstid. På dette bildet ser de trådsypressen på oppsida. Synest også nakne greiner er fine kontraster til det grønne i vinterhalvåret.


Fortsatt god helg !!

11 kommentarer:

  1. Hei på deg. Så grønt og fint det er hos deg allerede. Jeg må nok slite litt med snøen ei stund til, men den blir sakte men sikkert borte.
    Vintergrønt er kjempe fint, og jeg liker også slike vekster.

    Ønsker deg en fortsatt fin helg. Klem Vivi

    SvarSlett
  2. Flotte planter du har kjøpt! De passer nok godt i den grønne veggen din. Det er kjekt med vintergrønne planter her på Vestlandet hvor vi har så lite snø.
    Ha en fin søndag!

    SvarSlett
  3. Likte veldig godt plantene du har kjøpt og også dei du har frå før. Eg har også litt lyng i hagen, klypper dei eindel tilbake etter bløming då held dei seg fine år etter år.

    Håper at formen er stigande :) God betring :)

    SvarSlett
  4. Så fine planter du har handlet. Er litt berg hos deg og ser jeg. Vi holder på å lage jordvoll til å plante hekk, under er det berg hele veien. Hekken vi har bestilt er 170-200 cm og trenger støtte til den setter seg. Støttene må vi borre hull til i berget :) *ler* de hagegale har det godt :) God bedring ønskes fra Tone

    SvarSlett