s

s

lørdag 22. september 2012

Det var den grønnsakhagen......

 Den grønnsakhagen ja..... De som har fulgt bloggen min i vår veit at eg arbeidde mykje med å få pallekarmer på plass og la bark rundt . Men kva skjedde så ??  
Såing av frø vart prøvd, men sånn veldig vellukka vart det ikkje i år.  Reddik var enkelt å få til og godt var det og. Gulrøtter delvis vellukka. Litt sukker-erter. Ingen rødbeter..... Salat vart det, og poteter blir det. For første gang  har eg sett at poteta har frukt, potet-epler !!






Krydderhagen byr på flotte planter. Men eg kan ikkje sei at eg har vore flittig å bruka dei i mat.  Eg nyter luktene og blomane som er no.


Men blåbæra mine er store og flotte og mange i år.




 Eg har allergi mot både ein del frukt og bær. Men desse tåler eg godt og dei er så gode.

 Litt har eg lært i år også. Nye forsøk får eg neste år !!
Ha det godt.
Tullik på Rauneknappen.





søndag 16. september 2012

Hagen i dag.


Det er haust i hagen. Men enno byr den på mykje fint. Tusenfryden har blomstra mest heile sommaren. Fantastisk flott. Mange  kjem med nye blomer og det er jo kjekt, om ikkje bløminga er like flott. Her er ein smakebit frå hagen i dag. Alle bilda er frå skråningen som eg har planta om i sommar. Eg gler meg til sommaren igjen for å få sjå korleis det blir når plantene får starta sin vekst der.











 I dag har eg lagt fiberduk og bark på gangveien som eg har laga gjennom bedet. Dette for å gjera luking og stell enklare. Synest det blei ganske bra.



 Håper  på litt opphaldsvær dei neste vekene. Kjekt å få gjort litt arbeid i hagen om hausten, og helst i opphaldvær. Har også planer om å mala to vegger i stova så her mangler ikkje arbeid. Formen er ok for tida, det betyr at eg må passa på å få nok kvile og ikkje bli for ivrig. Veit av erfaring at det straffer seg. Kunsten er å få gjort litt kvar dag. For som ordtaket seier :
 "Mange bekker små, blir en stor å"

 Ha ei fin veka.  Tullik på Rauneknappen.


lørdag 15. september 2012

Varm vinter i vente ?

Åhhh, endeleg : 
Ny ovn på plass i stova.
Stein på pipe og mur.

Den gamle ovnen var rett og slett heilt utbrent. Denne med katalysator, kleberstein utenpå, olivinstein i kammeret over brennkammeret, skal lagre varmen og fordela den utover døgnet. Det blir spennande å sjå om det vil fungera.
I alle fall er det blitt veldig fint synest me . Tidlegare har eg om-møblert for bl.a. å sleppa å sitja i sofaen og sjå på  den stygge ovnen og muren. No skal eg møblera på nytt igjen og det er heilt i orden !!
Fortsatt fin helg alle. 

fredag 14. september 2012

Ny start !!

Tullik starter ny blogg.
Rett og slett berre for å få ein ny start.
 Innhaldet blir som før:
Aller mest hagestoff ,
frå eigen hage.
Håper alle som har lest bloggen Tullik ,
 fylgjer Tullik over til Rauneknappen.


På terassen blømer den kvite agapantusen  som eg kjøpte på plantasjen i vår. Jammen har den blomstra lenge. men ingen slår stemorsplantene i den andre urna. Dei har vore klipt ned ein gamg og leverer flott andre gangs bløming no.  Plantene er det min 14-åring som har stått for. Fargerikt og frodig. Ho ville ha sånne som Bestemor alltid hadde og det trur eg ho har fått.

 Ellers er det haust i hagen. Her er kontraster mellom det som blømer no og dei som med farge, frøsetting  viser at det er tid for kvile.
Og så gjer dei seg klar for ein ny start dei også.