Av og til, om sommeren, tenker eg at alt det vintergrønne eg har i hagen tar opp plass for fine blomer. Men om vinteren kjem det grønne til sin rett . Den høge grønne er tuja -smaragd. Ved sida av, den blågrønne, er ein einer . Den låge til venstre er peppermyntebusk som blømer i kvitt. Den blågrønne ved sida av er ein type einer. Den koparbrune heiter Biota trur eg. Den er grønn på sommeren men får denne vakre koparfargen når det blir kaldt nok. Flott å plasera saman med anna vintergrønt .
Artig var det å oppdaga at graset mitt også er friskt og grønt, eller svart som på det første bildet. Dette svarte graset har eg hatt før. Då tørka det ut kvar vinter, mykje pga. fugl som rota rundt i jorda slik at røtene kom opp. No ser det ut til at det går bra. Mange av gras-plantene mine klarer seg fint, så eg gler meg til å sjå korleis dei utvikler seg neste sommer.
Rusler rundt i hagen no og tenkjer på kva eg skal gjera når berre mildværet får ta tak.
Og eg gler meg !!