s

s

mandag 29. april 2013

Liten hagerapport i regn.

Rart å tenka på at då eg rusla her i hagen i det fine kalde været, gjerne med litt sol og himmel, så tenkte eg at når mildværet kjem så kjem regnet og. Og det har det gjort. Heldigvis har sola vore innom av og til og.

Det veks raskt i beda no, og plantene er nok glade for både regn og sol. Sjølv er eg glad for at kroppen min etter ein 14 dagers periode i "sofa-modus" igjen henger saman med hode og blir med ut.

Lørdag . Ein liten innsats i grønnsakhagen. Eg fjerna løvetann. Etterkvart kom også levering av mold og sand. Då var kreftene oppbrukt. Med nye krefter i dag så byrja eg å spa mold og sand og få det på plass i plantekassene. Eller dvs. ein kasse blei fyllt opp, så var det i grunnen nok tungarbeid.

Så vart det litt luking og rufsing i bed i kosetempo og litt bilder til slutt. 

Lys gul påskelilje på vei. Bladene til Blå lerkespoer er flotte på denne tida.
Kornellen min  i selskap med blant anna einer som har hatt ein tøff vinter.... Åtte stk. i dette bedet,- to ser heilt død ut. To hortensia venter eg i spenning på, men det blir jo ikkje bløming så eg trur dei blir skifta ut uansett.


 Så til slutt ein dose primula blomstring.
Så var det tid for kvile igjen.
 Ei bra økt ute hjelper på humøret. Vått ja, men herleg og !!
Ha ein fin kveld.


tirsdag 23. april 2013

Vårglimt .

No kan eg trygt sei at våren er komen og med den regn og vind og surt vær. Men jammen gror det godt ute. Til og med plenen er byrja bli grøn. Dessverre har det vore mange "minusdager" på meg no, så eg klarer ikkje gjera noko ute. 
Var ein liten luftetur ut i ettermiddag og tok litt bilder så er det berre å venta på betre dager. For dei kjem igjen dei gode dagane også !!

Julerosene har reist seg
 Tulipan på veg

Våriris.....nam-nam.

Peonen er på veg.
Det grønkast i beda, krokusen blømer av.
Primula blømer både her og der.
 Fin vårblomstring.

 Juleroser og påskeliljer i godt selskap med vri-hassel.
 Bergenia
 Og min nye kvite bergenia !!

Og til slutt fann eg også perleblomst som blømer i hagen.
Må jo berre bli glad av ein sånn runde i hagen !!

søndag 7. april 2013

Så kom snøen.....


Til tross for mange vårteikn herfrå så kom snøen. Her har nesten ikkje vore snø etter nytt år. Så den måtte vel berre helsa på ? Jaja, ikkje uvanleg med litt snø i april. Håper den smelter fint ned i jorda som treng vatnet !! Snarast !!



fredag 5. april 2013

Ny gammal rododendron.

For dei som las den gamle bloggen min hadde eg i fjor eit innlegg om ein rododendron som eg skar ned og flytta på : http://tullik64.blogspot.no/2012/07/nytt-bed-med-busk-og-stauder-som-alt-er.html

Slik såg den ut etter beskjæring :


Ny vekst byrja kort tid etter flytting, og no ser den slik ut :




No skinner sola varmt og godt, og det er framleis frost i jorda. Det tiner absolutt og enkelte stader går det godt å grava i jorda. Men faren for uttørking er til stades og nedanfor ser de eit av blada på denne busken. Håper det blir med det.

Under busken dukka denne krokusen opp. Den har nok snike seg med på flyttelasset og det er i grunnen heilt i orden.

Håper den får mange barn !!
GOD HELG !!