s

s

søndag 30. juni 2013

Nyvaska inngangsparti

Alle plantene som pleier å stå i inngangspartiet
 har vore på "ferie" på terassen.

 Kjekt å pynta der, men veit at pga. regn og vind er det ikkje lurt å ha mange planter der til vanleg.
Det var heller ikkje for å pynta dei blei flytta, men steinhellene i inngangspartiet trong ein grundig vask.
Og sakte men sikkert er der både kosta, spylt og høgtrykks-vaska. Og hellene vart mykje lysare.

Men det er no litt tomt utan potter og pynt.


Så i dag var ferien på terassen slutt og plantene og pynten var igjen på flyttefot tilbake til inngangspartiet.


Har ikkje så veldig mange planter i potter men dei utgjer likevel ein forskjell synest eg.





Og med bedet på andre sida, så er eg fornøyd.




Liker godt all steinen i hagen, blir flottare den og med litt grønt rundt seg.
Sitter her og samler krefter etter ryddeøkta ute. Må ha litt håndbrems på så det ikkje går for fort. Energiøkonomisering......Satser på grilling ute i dag. Så satser eg på ei ugrasøkt igjen i morgon.
Ha ein fortsatt fin dag og god veka.

torsdag 27. juni 2013

Blomegleder og andre gleder.




Så deilig med sommer.
Kjekt med plantene som veks,
med blomane som lyser opp.
Så deilig med sommer.
Kunne gå i lette klær,
Kjenna at varmen gjer godt.
Så deilig med sommer.
Sola som varmer både planter og meg,
og farger himlen i varme farger.
Så deilig med sommer.
Takk Gud, for at du skapte sommeren !!


Min gule kongslys frøsår seg sjølv rundt i hagen. Av og til der det er greitt, andre ganger flytter eg dei. Går greitt det når planta er liten.
Blømer ikkje enno, men eg synest den er flott der den står.
 Dette er ei plante eg har flytta inn i bedet, den neste har sådd seg sjølv "på ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu" !! Ei lita jordlomme ytterst på berget. Artig. Denne måtte jo få stå.





Forskjellige hosta, store ,små i forskjellige farger går igjen i hagen. Det same gjeld rododendron.


Kvart år er det ei stor gleda og fylgja med på denne valmuen. Første blom i går , fleire på gang. Ekstra glad i år for eg delte den i fjor og var spent på om det var greitt. Den står no klar for bløming to stader i hagen.


 Det var litt sommer glede og hageglede frå meg i kveld. 
Glad for enno ein ting forresten, null hull sa tannlegen i dag !!







søndag 16. juni 2013

Delt glede er dobbel glede.


Eitt steg fram og to tilbake.
Eit hode fullt av planer og virketrang, men kroppen heng ikkje med...
Det er meg, mi helse.
Har gått så bra i det siste, men så.....  Middag, revy... blei akkurat litt mykje det etter ein litt for travel dag. Det var no kjekt. Likevel.

Så får eg berre venta då. 
Til kroppen heng betre med på det hode vil. 
Veit det er lurt å roa ned, klara halda humøret oppe, det blir betre, veit det no . 
Tid og tålmod.
Så står eg igjen med fingrane i mold.

I dag var det akkurat nok berre å ta bilete.
Bra hageglede det og.
Og no deler eg med deg.
Delt glede er dobbel glede !!
Byr på eit bilderas i dag med inntrykk frå hagen :








Med på hage-runden : 
Mine firbeinte venner, Happy og Rampus.
Ikkje bestevenner, men har eit slags forhold til kvarandre...
Håper de og har kost dykk i hagen i dag. 
Ha ei god veka !!

torsdag 13. juni 2013

Flaggstangbedet helser på.





 Flaggstangbedet byr også på litt bløming. Tyrihjelm og allium - to slag ser eg. Kantplanta er ein nellik.

I dag pøser regnet ned her hos oss, bilete er nokre dager gamle. Skal  
nok ta fleire bilete her, for her kjem det meir bløming. I bedet er fleire sorter "hjerte", roser ,lavendel,  hosta, ridderspore, hjelm. 
Mykje å gle seg til !!








lørdag 8. juni 2013

Ved inngangen....

I fjor sommer la eg om bedet ved inngangen og det er spennande og fylgja med no. Kva som passer saman er ikkje alltid lett men kjekt og spennande er det.
Pieresen min, som eg stamma opp, er eg veldig godt fornøyd med . No når rødfargen avtar og den er gylden og fin passer den så fint saman med dei to asaleane som blømer no.




Denne gule asaleaen lukter fantastisk deilig !!
Staudene treng å veksa seg til. Trur nok det blit finare då.

Ellers liker eg planter som sår seg på rett plass og det har desse gjort 


Akeleier og murtorskemunn i skjønn forening

 Marikåpe veks også i ein liten sprekk framfor den svarte potta.
Murtorskemunn, håper den sprer seg enno meir .

God helg alle hagevenner !!

søndag 2. juni 2013

Det går i haging....

og heller lite blogging....
Det er mykje å gle seg over. 
Denne kombinasjonen liker eg for eksempel :


Aller mest gler eg meg over at formen er ok og at eg har fått gjort ein del i hagen. Fjoråret baud på mykje ugras som eg ikkje klarte å halda vekke, og eg merker at mykje frø ligg og lurer. Målet er å klara å halda ugraset på eit minimum i år.

Nei, dette er ingen rose, men tulipanen på bilete ovanfor .
Nyt tida i hagen, nyt også livet !!