Er så glad for pallekarm-kjøkkenhagen som me laga til for to år sida. I går rusla eg opp dit for å sjå om eg klarte gjera noko. Saman med ein kjekk mann vart kassene gjort klar for utplanting. Me blanda kompostmold i jorda, spadde om og fjerna ugras. Me gjennomvatna jorda som var ganske tørr.
Ugras var det forresten lite av og det er fantastisk .I gangane mellom kassene var det litt ugras som eg fjerna og etterfylte med bark. Det fungerer så fint som eg håpa på. I dei første kassane er det overvintra krydderurter. Den STORE er løpstikke.
I dag har eg planta gulrøtter. Har prøvd desse papir-remsene med frø i og håper det fungerer. Skal ha fiberduk over denne kassen.
Gulrøtter hadde me i fjor med godt resultat og det var veldig godt.
Gulrøttene får selskap av rødbeter. Tredje året eg prøver meg på det. I år har eg i alle fall klart å få fram mange småplanter. Blir spennande om det kjem fleire rødbeter i år enn tidlegare år.
I tillegg har eg planta grønnkål og blomkål. Planter kjøpt inn på plantasjen. Fungerer fint det og.
Enno står mange småplanter og venter på tur.
Denne vesle drivhusbenken (eller kva det no heiter...), alstå drivhus-topp på pallekarmer har i år fungert til å driva fram plantene. Først inne i vindu, så ute i denne drivbenken. Det har fungert fint. Første året på lenge at eg har klart å så grønnsaker igjen (dvs. pga. sjukdom) Håper på enno fleire planter neste år.
I kjøkkenhagen veks også jordbær, amerikanske hageblåbær , tornefrie bjørnebær og litt bringebær.
Ja, her har me mykje godt i vente !!