s

s

onsdag 23. april 2014

Sommer i april.

Her går det fint. Sommer i april. Er absolutt i rute i hagen.
 Er no trøytt etter ein god dag i sola.
 Slenger inn litt bilder . Glimt frå runden eg hadde i hagen ved solnedgang.
 Fort og gale. Men fint. Håper eg.




Mine hageaurikler :





















Fylte kvitveis :


Ruteliljer


Og litt løkblomstring:





Ha det godt i hagen !!

søndag 6. april 2014

Etter sol kom regn.

Her har godværsperioden gått over i regn.  For meg har dette også vore ein "i bra form periode". Heilt fantastisk bra periode.
 Kanskje regnet kom for å hjelpa meg å vatna
 buksbomhekken min ??


Sånn blei det til slutt. Eg er godt fornøyd. Kan berre ynskja meg at hekken veks raskt, men det er vel for mykje å venta av denne hekken......
I forfjor fekk eg tak i kvit bergenia og den starter med blomstring no . Den er  sååå fin synest eg.



Den veks på ei lita berghylle i ca 15 - 20cm med mold og der liker den seg visst. Har også den lilla sorten. 
Ei plante eg varmt anbefaler.
Til slutt litt blomstring frå hagen tatt nett før regnet kom :









torsdag 3. april 2014

Lurt ?

 Her langs gjerdet skal det koma hekk. 
Planen min om buksbom-hekk vart satt ut i livet for to dager sida. Reiste å handla inn , fort og kanskje gale !!
I går starta eg å planta ut og fekk meg ei overasking då eg "spretta" pottene. For der såg det sånn ut :







Det er ikkje det at eg ikkje veit at eg bør sjekka om røttene kjem ut av pottene og er friske osb. Har gjort det så mange ganger. Aldri har eg funne dårlige varer. Men altså denne gangen, då eg absolutt burde sjekka, såg det slik ut. Eg håper det likevel går bra. Plantene er planta ut , vatna og gjødsla .
 Håper hellet er på mi side denne gangen. 


tirsdag 1. april 2014

Koslig hagebesøk

Idag har eg hatt koslig hagebesøk. To flotte damer som eg har felles interesser med. Me har prata oss varme på hage, helsa og livet ellers. Avslutta med litt staude-deling og for at dei skal få sjå kva dei har fått legg eg ut desse bileta:


 Høstanemone øverst og nellik under.



(Den blå lerkesporen fann eg ikkje bilde av. Heller ikkje den vesle krypande som får gule blomer. Skal leita fram navn på den seinare.)

Her er auriklene som eg har etter svigermor. Dei blømer ikkje enda men dei er kjempefine.


Og så var det den me ikkje klarte å koma på navnet på: Er det ikkje akeleiefrøstjerne den heiter ?
Så om nokon andre har lyst på eit hagebesøk hos meg. Ta gjerne kontakt så ordner me det !!