s

s

lørdag 2. mai 2020

Nye tider, nye muligheter.

Heisan alle hagevenner 🍀🍀🍀

 Livet går i bølgedaler , og med helseproblemer er ofte dalene djupare og lengre enn toppane. På veien forsvann den gode hage gleden min for ein periode. Alt i Hagen var berre tungt, ugraset tok over og den hagen eg ynskte meg forsvann i det som var realistisk å få til. Dei siste åra har eg arbeidd lite i hagen i forhold til det eg ein gang gjorde. Eg har med hjelp av min kjære mann lagt om litt etter litt for å gjera hagen enklare å stella.  Og no , til tross for eit enda tøffare år helsemessig, kjenner eg på hagegleden igjen. Og det er ein god følelse. På toppen av det heile kom lysta til å blogge tilbake. Så eg starter forsiktig. Små Glimt fra Hagen i kveld









 

Spør gjerne om de lurer på noko, eller om det er noko eg kan sei meir om enn eg har gjort. 
Ha det godt. Mvh. Torill.

tirsdag 22. mai 2018

Flaggstangbedet.


Blogge igjen ? Ja, kanskje det 😉 Kjenner på at eg har lyst . Så no prøver eg. 
Flaggstangbedet :


 Eit berg med litt groper, litt muring her og der. Fyll på med mold og plant i vei. Det gjorde eg for fleire år sida. Plantene veks til , og raudblada busk og høge stauder har fått høgde i bedet. Klematisen veks på terasse-rekkverket i bak-kant.

 Løytnantshjerte er blitt stor og frodig. Tydleg at den trivst godt her.



Min faste følgesvenn i hagen er katten Lilly. Her nyter ho skyggen frå steinen.


torsdag 22. mai 2014

Meir bløming

Det blømer nede i hagen. Ikkje frodig og flott enno, men innimellom. Ellers studerer eg på farger og form på bladverk. Fint det og.

 Anemone i blomst og med knopper nedanfor.
 Enkel rein og kvit blom med rosa knopp.


 Duppsoleie. Den skal eg dela no. Stor og flott plante.

 Nokre stader byrjer samanplantinger å fungera, med farge og bladvariasjoner. Og også med dette å planta tett, dekka all jord .Var eit glimt av det her. Det må nok veksa til litt meir men trur eg med litt justering undervegs er på veg dit eg vil !!



 Klematis-bløming på gang. Nydleg bløming !!


 Og denne bergklematisen (alpe-klematis?)
 har visst tenkt å overta huset !!



Kos doke i hagen venner. Det gjer eg !!

tirsdag 20. mai 2014

Bedet ved inngangen akkurat no.,,,

 Gul asalea med ein nydleg duft !!
 Får  litt sånn skog-følelse her under trollhasselen.
 Nydleg bløming på denne rhododendronen,
 Syrinen som eg flytta opp i dette bedet byr på nydleg bløming og deilig duft !!


 Raudblada vrihassel, ein flott kontrast til det grønne.

 Hosta i fine fargevarianter, litt blålig og meir gulgrøn. Også fine kontraster.


 Sølvgrå toner er også flotte kontraster. Flekktvetann legger seg fint utover og innimellom og danner eit flott bunndekke.
Det er litt roleg med bløming no. Mest busker men andre sorter er på veg. Alltid noko å gleda seg til !!

mandag 19. mai 2014

Humlefest !!

Eg er blitt utfordra til å laga eit humle-innlegg.  Når ein skal skriva om humler så må ein kanskje bli litt kjent med dei ?  Difor ut på jakt. Ikkje med gevær (hadde aldri truffe likevel). Ikkje med gift heller. Nei, eg har ikkje noko ynskje om å ta knekken på humla. Nei, eg tek heller med fotoapparatet (og øyrene) og legg ut på jakt. Humla er nemleg ein velkomen gjest i hagen min.


Det har gått ein humlealarm over heile landet. Humla står i fare for å bli utrydda. Det ville vore veldig dumt for humla treng me til pollinering, slik  at me mellom anna får frø, bær og frukt. Du kan lesa meir om dette på Moseplassen, eller lika Summande hager på face-book.

Me kan bidra med å planta humle-vennlege planter i hagen. Enkle blomer er best for då får humla tak i godsakene. Vil du vita meir, les på Moseplassen.


I kveld summa og surra det godt i mine rododendron . Travle sumsurra dei rundt og var ikkje enkle og få tatt bilete av.Lang mindre få snakka med. Men det verka som om dei storkoste seg og var veldig opptaken med godsakene i rododendronblomane. Ja, rett og slett , ein humlefest. Så då kan me vel sei at rododendronblom er ein god humleblom !!

tirsdag 13. mai 2014

Rododendron på flyttefot


Sommeren 2012 hadde me flyttesjau på ein stor rododendron. Den var like høg som gjerdet på bilde. Eg klipte den ned, gravde rundt og fekk god hjelp til flytting.





Tenkte eg skulle visa fram korleis det gjekk :
 Eit par knopper i år, men den har igjen blitt ein liten busk. Neste år tenker eg den er i full bløming igjen.

Dette er ikkje første rododendronen eg har klipt ned og flytta. Oppom denne står denne :


Som de ser er denne no ein flott blømande rododendron busk igjen. Og spør du meg har den dei nydlegaste blomer som har fått selskap av eit raudblada lønnetre.



 Fargane i lønnetreet står så fint til denne rododendronen synest eg.

 Rundt desse buskane har eg lagt bark og duk. (Det vart for mykje ugrasplukking her) Opp av barken kjem også nokre av mine flotte hostaplanter.



Så har eg fått dokumentert at flytting og nedklipping av rododendron går fint. Det at rododendron ikkje har så djupt rotsystem gjer jo jobben enklare.
No håper eg at alle desse plantene vil trivast godt i dette dekke av bark !!

mandag 12. mai 2014

Prosjekt kjøkkenhage

Er så glad for pallekarm-kjøkkenhagen som me laga til for to år sida. I går rusla eg opp dit for å sjå om eg klarte gjera noko. Saman med ein kjekk mann vart kassene gjort klar for utplanting. Me blanda kompostmold i jorda, spadde om og fjerna ugras. Me gjennomvatna jorda som var ganske tørr.

 Ugras var det forresten lite av og det er fantastisk .I gangane mellom kassene var det litt ugras som eg fjerna og etterfylte med bark. Det fungerer så fint som eg håpa på. I dei første kassane er det overvintra krydderurter. Den STORE er løpstikke.
I dag har eg planta gulrøtter. Har prøvd desse papir-remsene med frø i og håper det fungerer. Skal ha fiberduk over denne kassen.

Gulrøtter hadde me i fjor med godt resultat og det var veldig godt. 
 Gulrøttene får selskap av rødbeter. Tredje året eg prøver meg på det. I år har eg i alle fall klart å få fram mange småplanter. Blir spennande om det kjem fleire rødbeter i år enn tidlegare år.


 I tillegg har eg planta grønnkål og blomkål. Planter kjøpt inn på plantasjen. Fungerer fint det og.
Enno står mange småplanter og venter på tur.


Denne vesle drivhusbenken (eller kva det no heiter...), alstå drivhus-topp på pallekarmer har i år fungert til å driva fram plantene. Først inne i vindu, så ute i denne drivbenken. Det har fungert fint. Første året på lenge at eg har klart å så grønnsaker igjen (dvs. pga. sjukdom) Håper på enno fleire planter neste år.
I kjøkkenhagen veks også jordbær, amerikanske hageblåbær , tornefrie bjørnebær og litt bringebær.
Ja, her har me mykje godt i vente !!