s

s

fredag 29. mars 2013

Vår..... JA

JA !! 
Ja, i dag kjennest det sånn.
Etter ein runde i hagen dukka det opp fleire planter enn eg hadde venta. 
Sola varmer og jorda tiner. 
Spirer spretter opp både her og der.


Desse var det eg fekk auga på i går.
 Fine, skinande kvite krokus.


Og så ei tua med flotte mini-påskeliljer. Gule, kule og rein og fin i formen.


Og så dukka denne vesle lilla krokusen opp. Fin er den og så må eg sei meg godt fornøyd med bilde ovanfor også.

Dei kvite julerosene blømer rikt. Dei avblomstra blir rosa.  Dette er den første julerosa eg fekk .

Trollhasselen står der fin og gul enno.


Og snøklokkene blømer også. Fylte og fine .

Den kvite vårlyngen, Erica blømer også fint.
Så kjem dagens store overraskelse:


Våririsen som eg trudde eg hadde mista oppi bedet som eg rota sånn i i haust. Men ein blom kjem i alle fall så får me sjå.

Det var dagens glimt av vårglede hos meg. 
Sola skinner og det håper eg den gjer på deg og !!

mandag 25. mars 2013

Juleroser til påske !!


Julerosene blømer i hagen. Stod der med fullt av gamle, delvis visna blad rundt..

 Så las eg på ein blogg at dette var ei fin tid å fjerna visne blad på. Så no er det gjort.


 Trur det vart litt finare , men dei henger litt sånn triste enno.


Venter vel på sol og varme dei og !!



søndag 24. mars 2013

Finaste vårblomen i hagen !!


Første anemone på veg. 
 Ser ut som den nøler litt med å slå seg heilt ut i sin finaste prakt.
 I morgon kanskje ?

Og fleire er på veg !!
Kjekt å feira palmesøndag med anemone blømimg i hagen.

lørdag 23. mars 2013

Påskepynt fra hagen


 Har vore  å henta inn litt greiner.
 Forsytia, kornell og pusekatter !!


Litt seint ute, men pynt blir det vel av det likevel ?
God påske feiring til alle .

fredag 22. mars 2013

Bergenia - fantastisk heilårsplante.


Min Bergenia har eg fått av svigermor. Denne vekser på ei berghylle , der har den ca. 20 cm. med mold. Og den ser ut til å trivast. 

Dette bildet er tatt i går. Litt slappare har eg nok sett den, men den har absolutt sin sjarm heile året.


Om ein månad eller to ser den slik ut :

Gamal god staude som absolutt fortjener sin plass i hagen !!

torsdag 21. mars 2013

Livskraft


Til tross for kuldegrader, har denne blomen kome opp mellom gamle grønne og delvis visna blad !!
Det er ein primula, trur den er av gamal god sort. Eg har fått lita rot av ei veninne , no har eg mange planter. Den er alltid tidleg ute.
Eit godt vårteikn for meg, som eg deler med deg !!

tirsdag 19. mars 2013

Vårarbeid i null grader.

Nydleg sol, litt vind og rundt null grader ute.
Me er komen langt ut i mars og då er det vel på høg tid med litt vårarbeid ?
Med tele i jorda var det busker som måtte til verks i dag.


Einer busker midt i bildet er alt godt klipt ned . Kvileplass til meg på saua-skinnet på stein-benken. Pauser må nemleg til. Og meir skal det klippast.


Under eineren er ei lita berghylle og der fekk eg auge på :


Små grøne spirer !
Det er mysken som er på veg. Håper den tåler at eg fjerna noko av lyet den hadde bak eineren.
Det er godt å vera ute og arbeida i hagen igjen !

onsdag 13. mars 2013

Trollhassel i sol og snø



              " Välkommen åter snälla sol,
          som jagat nordanvinden;
          nu har du sovit sen i fjol
          och vaknar röd om kinden.

          Värm upp vår jord, så växer råg
          och fyller bondens lada;
          värm sund och vik och vind och våg,
          så få vi gå och bada.
          Välkommen åter snälla sol,
          lys över land och vatten;
          nu klingar sång, nu stäms fiol,
          nu dansas hela natten."


Denne delen av eit dikt av Strindberg, traff meg . Akkurat dette eg ynskjer meg jo. Sola som varmer og tiner jorda, sakte men sikkert blir det vår igjen.
Mandag og i dag var slike flotte sol-dager . To cm mold vart tint sånn ca.. ... Jada, eg stakk  fingeren i molda !!
Gul trollhassel mot blå himmel.
Nytelse !!


Andre grøne spirer har vakna frå vinterdvalen. 
Til venstre er kuleprimulaen på veg. Artig å sjå kor alle blada ligg ferdig nede mellom dei ytterste blada.  Til høgre nedanfor viser tulipanblad.


Fleire stauder er også byrja å visa grønt, små spede spirer. Utruleg at slike små spirer kan vera så kjekke å sjå.
 Det er tid for å gå jamnlege hagerunder no.

Så kom tirsdag og mange fleire kalde grader helste på. Eit lite tynt snølag la seg over spirer og busker.


Ingen sol som varma, men lette små fnugg la seg rundt oss. 
Blomane på trollhasselen samla snø.


I dag onsdag var snøen borte og sola varma igjen. Blomen på trollhasselen såg veldig pjusk ut i dag, er spent på korleis det går.  
Må visst visa fram kornellen min også , den med dei fine raude greinene. Flott busk å ha om vinteren synest eg !!





Og rododendronen står i startgropa :



søndag 10. mars 2013

Våryr i kuldegrader.

Travle tider i tunet her. Fokus er på heilt andre ting enn hage. Men i hovudet og i hjarta svirrer hagetanker og kjensler. Når sola varmer kjenner eg godt kva det er eg venter på. Vinteren i år har vore kald med fleire minus-grader enn nokon gang. Aldri har det vore så kaldt i min hage. Heller ikkje har det vore særleg med snø. Barfrosten har fått godt tak. Jorda i hagen min er så hard som den aldri har vore.


Midt oppi dette står troll-hasselen og lyser så gul og fin. Heldig eg som fekk denne busken. Ikkje visste eg at den skulle lysa slik opp og spre håp om liv og vekst i hagen også dette året.


Nede i gamlehagen veks snøklokkene. Ikkje så storvokste som desse frå i fjor , Men dei blømer også i år.  Og julerosene blømer jo . 
Andre vårblomer får me enno venta på ei stund.






Og den venter ikkje forgjeves som venter på noko godt. 

Barfrosten er lite eg kan gjera noko med. Eg er uroa for mine vintergrøne bladvekster som no framover får nokså varm sol på seg om dagane , og så har dei ingen mulighet til å drikka vatn då jorda rundt røttene er frosen. Dei vert då uttørka. Veit det skal hjelpa med tildekking, men må sei at den jobben kjennest for stor. Kanskje dekka til dei eg er mest redd for ? Har høyrt det skal hjelpa å dusja dei og . Kanskje det er ei løysing eg kan gå for ? Nokon som har erfaring med tildekking og/eller dusjing ?


Det blir vel å venta og sjå tenkjer eg. Håper likevel det blir rododendron bløming her hos oss i år og.