Rart å tenka på at då eg rusla her i hagen i det fine kalde været, gjerne med litt sol og himmel, så tenkte eg at når mildværet kjem så kjem regnet og. Og det har det gjort. Heldigvis har sola vore innom av og til og.
Det veks raskt i beda no, og plantene er nok glade for både regn og sol. Sjølv er eg glad for at kroppen min etter ein 14 dagers periode i "sofa-modus" igjen henger saman med hode og blir med ut.
Lørdag . Ein liten innsats i grønnsakhagen. Eg fjerna løvetann. Etterkvart kom også levering av mold og sand. Då var kreftene oppbrukt. Med nye krefter i dag så byrja eg å spa mold og sand og få det på plass i plantekassene. Eller dvs. ein kasse blei fyllt opp, så var det i grunnen nok tungarbeid.
Så vart det litt luking og rufsing i bed i kosetempo og litt bilder til slutt.
Lys gul påskelilje på vei. Bladene til Blå lerkespoer er flotte på denne tida.
Kornellen min i selskap med blant anna einer som har hatt ein tøff vinter.... Åtte stk. i dette bedet,- to ser heilt død ut. To hortensia venter eg i spenning på, men det blir jo ikkje bløming så eg trur dei blir skifta ut uansett.
Så til slutt ein dose primula blomstring.
Så var det tid for kvile igjen.
Ei bra økt ute hjelper på humøret. Vått ja, men herleg og !!
Ha ein fin kveld.