s

s

søndag 10. mars 2013

Våryr i kuldegrader.

Travle tider i tunet her. Fokus er på heilt andre ting enn hage. Men i hovudet og i hjarta svirrer hagetanker og kjensler. Når sola varmer kjenner eg godt kva det er eg venter på. Vinteren i år har vore kald med fleire minus-grader enn nokon gang. Aldri har det vore så kaldt i min hage. Heller ikkje har det vore særleg med snø. Barfrosten har fått godt tak. Jorda i hagen min er så hard som den aldri har vore.


Midt oppi dette står troll-hasselen og lyser så gul og fin. Heldig eg som fekk denne busken. Ikkje visste eg at den skulle lysa slik opp og spre håp om liv og vekst i hagen også dette året.


Nede i gamlehagen veks snøklokkene. Ikkje så storvokste som desse frå i fjor , Men dei blømer også i år.  Og julerosene blømer jo . 
Andre vårblomer får me enno venta på ei stund.






Og den venter ikkje forgjeves som venter på noko godt. 

Barfrosten er lite eg kan gjera noko med. Eg er uroa for mine vintergrøne bladvekster som no framover får nokså varm sol på seg om dagane , og så har dei ingen mulighet til å drikka vatn då jorda rundt røttene er frosen. Dei vert då uttørka. Veit det skal hjelpa med tildekking, men må sei at den jobben kjennest for stor. Kanskje dekka til dei eg er mest redd for ? Har høyrt det skal hjelpa å dusja dei og . Kanskje det er ei løysing eg kan gå for ? Nokon som har erfaring med tildekking og/eller dusjing ?


Det blir vel å venta og sjå tenkjer eg. Håper likevel det blir rododendron bløming her hos oss i år og. 

7 kommentarer:

  1. Trollhasselen din er nydelig!
    Jammen har det vært kaldt i år. Sist natt var det minus 9 hos oss, og i natt blir det sikkert kaldere. Men det går nå rett vei likevel. Dagene blir lengre og solen varmer.
    Ha en fin ny uke!

    SvarSlett
  2. Det har varit kallt i vinter igen, och den har varat länge denna gång tycker jag. Känner att jag är lite tacksam för all snö vi har, det kan fara illa med den barfrosten också. Men vårblomster, det tar ännu lång tid. Så fin din vrihassel är, lagom nu när alla påskpynt börjar komma fram har du ditt eget ute :)

    SvarSlett
  3. Nydelig trollhassel :) Ei ønskeplante, men den går nok ikke her i fjellstrøkene. Kaldt her også, men heldigvis ingen barfrost. Vi krysser fingrene for snarlig tining av snø og tele ;)
    Ha ei strålende uke.

    SvarSlett
  4. Hei! Deilig å se at det er noe som blomstrer så fint. Her tror jeg telen går dypt. Lengter etter vår. Ha en fin uke! Anne

    SvarSlett
  5. Så fin trollhassel!
    Kaldt her også,og akkurat nå snør det igjen,lurer på når våren kommer?

    SvarSlett
  6. Så vårlige og fine bilder!
    Jeg dekker normalt ingen barvekster...men i år er det is og tele langt nedover...så jeg dekker med strie de som står mest utsatt til.
    Vet ikke hvordan det blir med dusjing...
    takk for hyggelig hilsen:))

    SvarSlett
  7. Ja uff, det har vore mykje barfrost her også i vinteren og telen er djup. No kom det mykje snø i tillegg, det er no bra for plantene. Men eg trur ikkje det blir tildekking med meg sjølv om det sikkert hadde vore lurt. Får berre krysse fingrane å håpe på det beste.
    Den trollhasselen din er heilt nydelig. Det står som nr.1 på ønskelista mi for i år.
    Ha det fint og takk for koselige ord hos meg, frå MarJE.

    SvarSlett