Sommeren 2012 hadde me flyttesjau på ein stor rododendron. Den var like høg som gjerdet på bilde. Eg klipte den ned, gravde rundt og fekk god hjelp til flytting.
Tenkte eg skulle visa fram korleis det gjekk :
Eit par knopper i år, men den har igjen blitt ein liten busk. Neste år tenker eg den er i full bløming igjen.
Dette er ikkje første rododendronen eg har klipt ned og flytta. Oppom denne står denne :
Som de ser er denne no ein flott blømande rododendron busk igjen. Og spør du meg har den dei nydlegaste blomer som har fått selskap av eit raudblada lønnetre.
Fargane i lønnetreet står så fint til denne rododendronen synest eg.
Rundt desse buskane har eg lagt bark og duk. (Det vart for mykje ugrasplukking her) Opp av barken kjem også nokre av mine flotte hostaplanter.
Så har eg fått dokumentert at flytting og nedklipping av rododendron går fint. Det at rododendron ikkje har så djupt rotsystem gjer jo jobben enklare.
No håper eg at alle desse plantene vil trivast godt i dette dekke av bark !!