s

s

mandag 19. mai 2014

Humlefest !!

Eg er blitt utfordra til å laga eit humle-innlegg.  Når ein skal skriva om humler så må ein kanskje bli litt kjent med dei ?  Difor ut på jakt. Ikkje med gevær (hadde aldri truffe likevel). Ikkje med gift heller. Nei, eg har ikkje noko ynskje om å ta knekken på humla. Nei, eg tek heller med fotoapparatet (og øyrene) og legg ut på jakt. Humla er nemleg ein velkomen gjest i hagen min.


Det har gått ein humlealarm over heile landet. Humla står i fare for å bli utrydda. Det ville vore veldig dumt for humla treng me til pollinering, slik  at me mellom anna får frø, bær og frukt. Du kan lesa meir om dette på Moseplassen, eller lika Summande hager på face-book.

Me kan bidra med å planta humle-vennlege planter i hagen. Enkle blomer er best for då får humla tak i godsakene. Vil du vita meir, les på Moseplassen.


I kveld summa og surra det godt i mine rododendron . Travle sumsurra dei rundt og var ikkje enkle og få tatt bilete av.Lang mindre få snakka med. Men det verka som om dei storkoste seg og var veldig opptaken med godsakene i rododendronblomane. Ja, rett og slett , ein humlefest. Så då kan me vel sei at rododendronblom er ein god humleblom !!

4 kommentarer:

  1. Hei Torill :) Fint innlegg om Humla! Har blitt utfordret jeg også, og jobber med saken. Har ikke et eneste humlebilde i arkivet så er på humlejakt med linsa. Jaja, det kommer når det kommer! Flotte bilder fra deg :) Ønsker den en fin ny uke!

    SvarSlett
  2. Herlige humla!! En velkommen gjest her også.
    Det siste bildet ditt var tøft. Ser ut som om den har "stupt" inn i matfatet :-)

    SvarSlett