" Välkommen åter snälla sol,
som jagat nordanvinden;
nu har du sovit sen i fjol
och vaknar röd om kinden.
Värm upp vår jord, så växer råg
och fyller bondens lada;
värm sund och vik och vind och våg,
så få vi gå och bada.
Välkommen åter snälla sol,
lys över land och vatten;
nu klingar sång, nu stäms fiol,
nu dansas hela natten."
Denne delen av eit dikt av Strindberg, traff meg . Akkurat dette eg ynskjer meg jo. Sola som varmer og tiner jorda, sakte men sikkert blir det vår igjen.
Mandag og i dag var slike flotte sol-dager . To cm mold vart tint sånn ca.. ... Jada, eg stakk fingeren i molda !!
Gul trollhassel mot blå himmel.
Nytelse !!
Andre grøne spirer har vakna frå vinterdvalen.
Til venstre er kuleprimulaen på veg. Artig å sjå kor alle blada ligg ferdig nede mellom dei ytterste blada. Til høgre nedanfor viser tulipanblad.
Fleire stauder er også byrja å visa grønt, små spede spirer. Utruleg at slike små spirer kan vera så kjekke å sjå.
Det er tid for å gå jamnlege hagerunder no.
Så kom tirsdag og mange fleire kalde grader helste på. Eit lite tynt snølag la seg over spirer og busker.
Ingen sol som varma, men lette små fnugg la seg rundt oss.
Blomane på trollhasselen samla snø.
I dag onsdag var snøen borte og sola varma igjen. Blomen på trollhasselen såg veldig pjusk ut i dag, er spent på korleis det går.
Må visst visa fram kornellen min også , den med dei fine raude greinene. Flott busk å ha om vinteren synest eg !!
Og rododendronen står i startgropa :